Måla seg til tigrar

Elevar ved Sunnylven skule har alt starta å samle inn til klassetur neste år. Sal av kaker, knekkebrø og ansiktsmåling er mellom aktivitetane.
Fredrik Stadheim – 07.07.2014 21:05:52
Elevar frå niande klasse ved Sunnylven skule hadde sin eigen stand for ansiktsmåling under Sommardagane. Der hadde dei nok å gjere og tente seg pengar til klassetur.
Dei fleste som fekk seg «dekorert» vart nok lite gjenkjennelege, men populære fotomotiv, også mellom turistar.
Vi fanga inn på bilete Leon Ljøen Nilsen frå Sykkylven når Inger Ringdal Sæter måla han til å likne ein tiger. Tøff og litt skummel vart han til slutt.
