Sommardagar på Hellesylt 2014

Nær fullsett på opningskonsert

Tre minutt i 1985 endra mykje i livet mitt. Det fortalde artist Elisabeth Andreassen som fredag kveld gleda ei nær fullsett Sunnylven kyrkje med si vakre songrøyst.

Fredrik Stadheim  –  05.07.2014 08:48:04

Tradisjonen tru opna Sommardagar på Hellesylt med konsert i Sunnylven kyrkje. I år heitte artisten Elisabeth Andreassen, Grand Prix- vinnar saman med Hanne Krogh i 1985 og melodien «Bobbysocks». Saman med dyktige musikarar i Øystein Lund Olafsen og Tarjei Nystedt samla konserten nær fullsett kyrkje. Det vart ei musikalsk oppleving som fall i smak etter applausen å dømme.

I sin ljose sommarkjole med roser lik akantusrankar og med ei smittande utstråling tok Elisabeth Andreassen publikum med på ei reise i viser og andre populære låtar frå si lange, suksessfulle karriere. Det vart nitti minutt då vi gløymde at vi sat på harde kyrkjebenkar laga i 1859.

Elisabeth Andreassen song på fleire språk, svensk, norsk og engelsk. I konserten hadde ho med fleire frå ein av sine favorittkomponistar Rolf Løvland, og frå Evert Taub.

Høgdepunktet kom mot slutte i konserten. Saman med ungdomskoret Joyful fekk vi høyre flotte låtar, som «Rør vid min sjel» og «Waiting for the morning». Det klang i den gamle, høgreiste kyrkja, noko som publikum takka for med ståande applaus og fekk vakre «Gabriellas song» tilbake.

Frå arrangøren fekk Elisabeth Andreassen overrekt eit saueskinn med inngravert namn i gåve, lokalprodusert på Ljøen.

Rundt 260 betalande fekk med seg opningskonserten og eit feiande punktum med Grand Prix-låta  «La det swinge».

Ungdomskoret Joyful song med på slutten av konserten.

Kristin Storstein song duett saman med Elisabeth Andreassen i «Waiting for the morning»

Frå arrangøren overrekte Geir Frøysa gåve til Elisabeth Andreassen og blomar til leiarane for Joyful, Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380