Sommardagar på Hellesylt 2014

Opna Gamleskulen

doc_4196_2

Gamleskulen på Hellesylt var open for innsteg under Sommardagane. Mange nytta høve til å sjå innom.

Fredrik Stadheim  –  07.07.2014 15:44:41

Både laurdag og søndag fekk publikum sjå innom gamleskulen på Hellesylt, eit skulemuseum med pultar, plansjar, kart og lærebøker som vart brukt i den norske barnskulen for nokre mannsaldrar sidan.

I skulestova var det også servering av kaffi og vafler og det var høve til å prøve lukka i eit lotteri. På sal og lotteri kom det inn vel 5000.- kroner .

Foreininga Gamleskulen Aktivitetsmuseum har gjort eit prisverdig arbeid for bevaring av bygget frå 1898. Det er kome på nytt tak til 270.000 kroner, og no står måling utvendig for tur.

Foreininga har også andre planar, så gåver og anna støtte er kjærkome.

Under Sommardagar på Hellesylt mottok foreininga ei større pengegåve frå Sparebanken Møre. Sjå eiga sak.

doc_4196_13 doc_4196_14

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380