Quiz-kveld på Peer Gynt Galleriet
På Peer Gynt Galleriet blir det sommar-Quiz fredag kveld 25. juli.
Fredrik Stadheim – 21.07.2014 16:13:50
Frå klokka 21.00 fredag kveld blir det både lokal og internasjonal vri på spørsmåla under sommar-Quiz på Peer Gynt Galleriet.
Dagleg leiar Jon Pele Sundgot håper mange blir med og testar kunnskapen på uhøgtidleg måte.
Han ønskjer helst at alle som vil delta melder frå på førehand. Kvart lag skal bestå av ikkje fleire enn seks personar og det kostar 50.- kroner pr. person å delta.
Det blir tre rundar med spørsmål seier Sundgot som sjølv blir Quis-master. Halvparten av inngangspengane går tilbake som premie til vinnarlaget, men også laget med det beste, treffande namnet får ein liten premie.
Meld deg på til sommar-Quis på Peer Gynt Galleriet fredag kveld.