Steinhytta på Steimsnibba

Ingolf Ringdal var langt opp i 80-årsalderen då han starta arbeidet med å bygge steinhytta på Steimsnibba, «ei historie å ta vare på».

Kåsør på olsokstemnet i Hellesylt Bygdetun, Olav Elling Gausdal.

Kåsør på olsokstemnet i Hellesylt Bygdetun, Olav Elling Gausdal.

Fredrik Stadheim – 27.07.2014 23:28:36
Olav Elling Gausdal kom i sitt kåseri under olsokfeiringa i Hellesylt Bygdetun også inn på historia bak bygging av steinhytta på toppen av 1285 meter høge Steimsnibba.
Byggmeister var skomakar og friluftsmann Ingolf Ringdal, onkel til mor av kåsøren. Arbeidet tok han fatt på godt etter at han runda 80 år.

Ingolf Ringdal var ein gong på tur til Jotunheimen og vel heime fekk han spørsmål korleis han like fjellturen. –Å vi har no flotte fjell her også, var svaret. Ingolf valde seg Steimsnibba.

Eg tenkte å bygge ein levegg av stein på ein meter høg på toppen som vern for vinden, hadde Ingolf sagt. Steinmuren vart høgare, men så oppdaga han at det bles frå andre kantar også. Då starta han å bygge fleire murar og det vart til fire veggar. Det vart murane til steinhytta.

Ein gong fekk Ingolf spørsmål korleis det gjekk med bygginga av steinhytta. Jau, det gjekk bra, men det vart etter kvart langt å bere stein.

Til slutt stod steinmurane ferdig, berre taket mangla. Det flaug Mørefly til toppen og Johan Inge Kjellstad og Odd Arne Langeland utførte snekkararbeidet, fortalde Olav Eling Gausdal, og la til;

Ingolf var sjølv med til toppen og fekk sjå taket og hytta ferdig. Han hadde tru på framtida, på utvikling, ikkje avvvikling. Han vart 96 år gamal.

Steinhytta på Steimsnibba.

Steinhytta på Steimsnibba.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380