Spelemiddlar til Hellesylt stadion

11. juni 2011 opna dåverande ordførar i Stranda, Frank Sve kunstgrasbana på Hellesylt stadion, i påsyn av fotballformann Steinar Hjelle t. v. og lokal eldsjel i planarbeidet Knut Dag Langeland.

11. juni 2011 opna dåverande ordførar i Stranda, Frank Sve kunstgrasbana på Hellesylt stadion, i påsyn av fotballformann Steinar Hjelle t. v. og lokal eldsjel i planarbeidet Knut Dag Langeland.

Stranda kommune er tildelt 1.133.000.- kroner av spelemiddlar 2014 til Hellesylt stadion.

Fredrik Stadheim  –  14.07.2014 14:05:49
For søknadsperioden 2015 kan det søkjast om nye 1.133.000.- kroner i spelemiddlar, heiter det i meldinga frå Møre & Romsdal fylkeskommune.

Kunstgrasbana på Hellesylt stadion var ferdig til bruk i september 2010 og offisielt opna av dåverande ordførar Frank Sve 11. juni 2011.

I romjula 2011 vart heile kunstgrasdekket øydelagt under orkanen Dagmar. Torsdag 19. juli året etter var stadion igjen grøn med nytt kunstgrasdekke.

No har Stranda kommune fått tilsagn på fyrste del av spelemiddlane til bana. Resten kan utbetalast når rekneskapen og anlegget er ferdig og godkjent etter vedtekne planar, heiter det i meldinga.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380