Startar opp med rulleskitrening
Skigruppa i Sunnylven IL startar opp med rulleskitrening komande torsdag 10. juli. Det blir fristiltrening og frammøte ved HT Bygg Hellesylt kl. 18.00.
Fredrik Stadheim – 08.07.2014 21:38:59
Vi starter med 6. klasse og oppover, heiter det i meldinga frå skigruppa. Dei håper at mange kjen og minner om at alle må ha med hjelm, refleksvest og hanskar. Trenarar torsdag 10. juli blir Anniken, Linn, Hans og Gisle.
Sunnylven IL har mange talent på ski og anlegg for å bli ein av dei store langrennsklubbane i Møre og Romsdal. No tilbyr skigruppa gratis rettleiing og råd i treningsarbeidet.
Bli med på barmarkssamlingar med skigruppa og stå godt rusta når snøen kjem tilbake.
Rulleskitrening for løparane frå 3. klasse.
Skigruppa i Sunnylven har meldt seg på eit kursopplegg, der Møre og Romsdal skikrets tilbyr gratis lån av skøyte-rulleski til born, og besøk av instruktør til treningskveld / aktivitetsdag.
Målet med dette er å senke terskelen for å prøve rulleski, dermed auke aktiviteten og rekrutteringa til langrennsporten. Det vil vere fokus på sikkerheit ved rulleski, og ei morosam tilnærming til langrenn.
Dei som er interesserte blir oppmoda om å ta kontakt med styret i skigruppa, som vil gje ytterlegare informasjon om tid og stad.
Skigruppa i Sunnylven IL: :
Hans Hole, leiar, tlf. 41695602
Linn Kammen, nestleiar tlf. 90827196
Anniken Hjellbakk Hole, tlf. 98832326
Fredrik Helset , tlf. 90661200
Gisle Aaland, tlf. 93480833