Sommardagar på Hellesylt 2014

Stine Hole Ulla imponerte tusen

Stine Hole Ulla strålte frå utescena på Hellesylt.
Stine Hole Ulla strålte frå utescena på Hellesylt.

Norske Talenter vinnar 2012, Stine Hole Ulla var diamanten på utescena under Sommardagar på Hellesylt søndag. Talentet frå nabobygda Sykkylven imponerte til tusen.

Fredrik Stadheim  –  08.07.2014 00:09:30

Aldri tidlegare har så mange vore samla på og kring Ole Ringdal`s plass som under konserten til songstjerna  Stine Hole Ulla frå møbelbygda Sykkylven.

Truleg er anslaget på meir enn tusen personar for lite, der var ikkje plass til fleire.

Songtalentet som plasserte alle konkurrentar bak seg i tevlinga før jul i 2012 imponerte stort med si operarøyst.

Toneskalaen mangla nesten noteteikn når den vakre røysta steig, reint og varleg. Vi let oss imponere, vi hadde ei stjerne på scena midt i Hellesylt sentrum.

Å vinne ein nasjonal konkurranse kan også ende med kaos heime i positiv forstand.

Det vart lite førebuingar til jul i 2012 i familien etter sigeren, både med julebakst og anna julemat. kunne Stine Hole Ulla røpe for folkehopen. Men så dukka Lars Kristian Hjelset opp med ei stor kasse julemat av alle slag frå Ole Ringdal AS på Hellesylt, fortalde ho.

Stine takka for open mikrofon for den rause gåva og fekk publikum med på ein stor applaus for kjøttvarebedrifta på Hellesylt.

Under konserten hadde ho med Askjell Molvær på piano som også er læraren hannar på instrumentet. Og ho var glad for å bli komponert av ein så røynd musikar.

Det vart mange «perler» å høyre frå Stine Hole Ulla og utescena på vakre Hellesylt, som ho kalla staden. «You raise my up», var ein av fleire som gav frysningar sjølv på ein varm sommardag.

Stine Hole Ulla avslutta med Sarah Brigthman og Andrea Bocelli sin flotte «Time to say goodbye».

Askjell Mølvær var musikalsk servitør til Stine Hole Ulla under konserten frå utescena på Hellesylt søndag.
Askjell Mølvær var musikalsk servitør til Stine Hole Ulla under konserten frå utescena på Hellesylt søndag.
Litt av folkehavet som fekk høyre Norske talentvinnar Stine Hole Ulla.
Litt av folkehavet som fekk høyre Norske talentvinnar Stine Hole Ulla.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380