Store gåver frå Sparebanken Møre

Her er alle som mottok Gullkornmiddlar samla på utescena.
Her er alle som mottok Gullkornmiddlar samla på utescena.

Under avslutning av Sommardagar på Hellesylt kom banksjef Stig Tryggestad i Sparebanken Møre avd. Hellesylt på scena. Han hadde ein «stor pengesekk» til utdeling.

Fredrik Stadheim  –  07.07.2014 16:09:48

Sparebanken Møre deler ut gullkornmiddlar både til søkjarar og andre. Lag, organisasjonar og andre gode formål får på den måten glede av at banken oppnår solide resultat.

Før utdelinga retta banksjef Tryggestad ei stor takk til alle som hadde stått på og vore drivkreft for å få gjennomført det store arrangementet Sommardagar på Hellesylt.
Det vart ein stor suksess og god reklame for bygda nok ein gong. Desse jobbar ikkje berre for dette eine arrangementet, men også gjennom heile året til beste for bygda på ulike måtar.
Difor var det ei glede for Sparebanken Møre å kunne bidra med ei økonomisk støtte, sa banksjef Tryggestad.

Han kalla fram representantar for ni lag og organisasjonar som fekk bevis på rause gåver, til saman 325.000.- kroner.

Desse fekk støtte:
Tryggestad Grendalag, 15.000.-
Sunnylven Bibliotek 15.000
Hellesylt Bygdetun 20.000
Foreldreutvalet ved Sunnylven Barnehage 25.000
Gamleskulen Aktivitetsmuseum 50.000
Sunnylven samfunnshus 50.000
Hellesylt Ungdomslag 50.000
Ljøbrekka Venner 50.000
Sunnylven Idrottslag 50.000

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380