Storfint 4-H besøk frå USA

Leiar i Fjellrosa 4-H, Anne Grete Langleite overrekkjer leirbuksa til Samantha Hyrunimus. Storfint 4-H besøk frå USA

Leiar i Fjellrosa 4-H, Anne Grete Langleite overrekkjer leirbuksa til Samantha Hyrunimus.

Fjellrosa 4-H har i sommar hatt besøk av ein utvekslingsstudent frå USA. Samantha Hyronimus skal også delta på 4-H sin landsleir i Tautra i Nord-Trøndelag.

Av Anette Frøysa – 18.07.2014 14:59:46
18 år gamle Samantha Hyronimus kjem frå South Dakota i USA. Under opphaldet i Sunnylven har ho budd hos Inga Elise Vik på Hellesylt. Utvekslingsstudentar kjem frå ulike land til Norge annakvart år og i år har seks personar frå USA besøkt ulike stader i landet.

I høve besøket i Norge skal Samantha også delta på den årlege landsleiren til 4-H som i år blir arrangert i juli i Tautra Nord-Trøndelag. Der deltek også to medlemer frå Fjellrosa 4-H, Anne Grete Langleite og Anette Frøysa. I dette høve har Fjellrosa 4-H sponsa og overrakt ei leirbukse til Samantha som takk for besøket. Samantha vart veldig glad og skal ta med seg gåva som eit av minna tilbake til South Dakota.

Anette Frøysa skriv ei helsing på leirbuksa til Samantha

Anette Frøysa skriv ei helsing på leirbuksa til Samantha

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380