Stort og smått frå Sommardagane

Eliasbåten med instruktør Ole Hjalmar Bonsaksen.

Eliasbåten med instruktør Ole Hjalmar Bonsaksen.

Sommardagar på Hellesylt 2014 var rike på store og små opplevingar. Her er noko vi råka på i sentrumsgata.

Fredrik Stadheim  –  09.07.2014 10:06:58

Eliasbåten.

Mange unge fekk prøve seg som båtførarar i småbåthamna på Hellesylt. Der låg den populære Eliasbåten til Redningsselskapet. Frank Bonsaksen og sonen Ole Hjalmar rettleia dei unge båtførarane.

Fleire stup

Det nyreiste stupetårnet ved badehuset utfordra fleire tøffingar. Det vart mange hopp frå tårnet frå øverste avsats 11 – 12 meter over vassflata. Ole Gunnar Kjærstad frå Vestnes var ein av dei, Beate Aure frå Fræna tok sats frå avsatsen under.

Ole Gunnar Kjærstad frå øverste avsats.

Ole Gunnar Kjærstad frå øverste avsats.

Hjortegryte

Sunnylven skyttarlag overtok kjøkkenet på samfunnshuset etter Sunnylven bygdekvinnelag og serverte hjortegryte søndag. Gryta fall i smak etter det vi fekk oss fortalt.

Bård Øie med hjortegryte

Bård Øie med hjortegryte

Unge på utescena

Frå utescena fekk publikum høyre mange unge, talentfulle aktørar både laurdag og søndag. Kulturskulen i Stranda var sterkt representert med musikkinnslag av både band og andre kulturskuleelevar. Programmet på utescena vart presentert og knytt saman verbalt av Asbjørn Tryggestad. Ein svært dyktig programleiar i heile to dagar til endes. Sjølv stod han for både stevjing, prosa, intervju av personar og presenterte det som skulle skje gjennom henvising til det oppsette programmet.

Band Hellesylt, frå v. Ingeborg, Veronica, Maria, Inger. Bak lærar Erik Torset.

Band Hellesylt, frå v. Ingeborg, Veronica, Maria, Inger. Bak lærar Erik Torset.

Ned Hellesyltfossen.

Sist helg var fleire kajakkpadlarar i Sunnylven og prøvde seg i vanskelege parti i Bygdaelva. Til slutt sette dei ut for og ned Hellesyltfossen. Alle kom velberga i mål i sjøen nedanfor det kvitskummande fossefallet.

doc_4208_16

I kajakk ned Hellesyltfossen. (Foto: Inge Hole)

Loppemarked

Etter eit «kvileår» var Sunnylven sanitetslag tilbake med loppemarked på laurdag. Mange spanande og verdfulle gjenstandar var kome inn og handelen gjekk godt. Betre en for to år sidan fekk vi høyre, for dei hadde flytta seg frå Gatå til inngangen på skulen og fekk betre besøk. Loppemarkedet gav om lag 15.000.- kroner i lagskassa.

Loppemarked.

Loppemarked.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380