Stupetårnet ferdig til bruk

Torsdag avslutta HT Bygg Hellesylt arbeidet med bygging av det nye stupetårnet ved badehuset på Hellesylt.
Fredrik Stadheim – 03.07.2014 18:15:24
Like etter at siste skrue og siste spiker var på plass vart Hege Høgalmen Ringdal og Ingeborg Langeland utfordra til å gjere dei fyrste luftige hoppa frå stupetårnet.
Hoppa gjorde dei, men om det var frå tre meter eller ti meter, ja det fortel ikkje vår meldar.