Tok instagram-bileter

Linn Kammen vann seg gåvekort på Trollnibba Sport & Fritid for eit instagrambilete. Det same gjorde Sivert Hovden som sende inn det «beste bilete».
Fredrik Stadheim – 07.07.2014 20:49:01
Dette var ein ny konkurranse under Sommardagane på Hellesylt og rundt 50 – 60 bilete kom inn, kunne medlem i juryen Arild Ringdal fortelje.
Det vart konkurrert i to klasser, «artigaste bilete» og «beste bilete».
Linn Kammen sigra i kategori «artigaste bilete». Motivet var dotra Tuva om bord i Eliasbåten på småbåthamna.
Sivert Hovden sitt vinnarbilete hadde han kalla «balanse på slak line», teke på badestranda på Hellesylt.