Vann seg flott traktor

Her er unge Martin Eide på prøvetur med sin nye Massey Ferguson. Til venstre bondelagsleiar Peder Hellebostad, vidare programleiar Asbjørn Tryggestad og Oddvar Tynes, sekretært i bondelaget.

Her er unge Martin Eide på prøvetur med sin nye Massey Ferguson. Til venstre bondelagsleiar Peder Hellebostad, vidare programleiar Asbjørn Tryggestad og Oddvar Tynes, sekretært i bondelaget.

Martin Eide frå Eidsdal vann seg ein stor raud Massey Ferguson-traktor under Sommardagar på Hellesylt.

Fredrik Stadheim  –  07.07.2014 20:34:11

Sunnylven Bondelag arrangerte tevling med trøtraktor for born opp til sju år både laurdag og søndag. Mange deltok kunne bondelagsleiar Peder Hellebostad fortelje under premieringa på utescena søndag.
Og ikkje minst, det var kvalitet over køyringa til alle dei unge traktorførarane, bedyra han. Etter loddtrekking vart tre deltakarar premierte.

Andre og tredje premie var to  mindre utgåver av traktorar, gjeve av Norgesfor, avd. Lom.
Fyrste premie var ein stor raude Massey Ferdguson, spandert av Eik Senteret, Ørsta.
Den gjekk til Martin Eide, Eidsdal, ein glad og smilande vinnar av ein flott trøtraktor.. Og vi gratulerer så mykje.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380