Alme El. Installasjon selt til EL 24.

 

EL 24 har kjøpt Alme El.Installasjon på Hellesylt. Frå venstra Hans Oscar Molvær, Svenn Roger Alme og Per Ottar Alme.
EL 24 har kjøpt Alme El.Installasjon på Hellesylt. Frå venstra Hans Oscar Molvær, Svenn Roger Alme og Per Ottar Alme.

Installasjonsfirmaet EL 24 har kjøpt Alme El. Installasjon på Hellesylt. Kjøpet var offisielt frå 1. august i år.

Fredrik Stadheim  –  13.08.2014 15:20:01
I 44 år har Per Ottar Alme frå Sunnylven drive som elektrikar, fyrst hos Peder Gjærde på Stranda og seinare som tilsett ved Stranda Energi as.
I 1994 starta han Alme Elektroinstallasjon på Hellesylt med sonen Svenn Roger Alme som lærling.

No har den røynde elektrikaren nådd pensjonistalder og ynskte å trappe ned. Dermed kom salet til EL 24 i stand, og onsdag vart endringa markert.

I Sunnylven vil ikkje kundane merke at det er eit nytt firma som driv installasjon. Kontorlokalet med same telefonnummer blir på Hellesylt som før, og elektrikar Svenn Roger Alme har sin faste arbeidsstad i Sunnylven med same mobilnummer.
Den synlege endringa blir anna logo på servicebilane og nytt skilt ved kontorlokalet på Hellesylt, seier Hans Oscar Molvær, installatør og dagleg leiar ved avdeling EL 24 på Stranda.

EL 24 har fleire avdelingsfirma rundt om på Sunnmøre, mellom anna i Sykkylven og Ålesund. Firmaet har rundt 70 tilsette, 20 av dei i Stranda.

Kjøpet betyr at selskapet ynskjer å serve alle, også i små bygder. I tillegg er det alltid kjekt å ha nokon å diskutere problem med for den som skal jobbe på Hellesylt, det blir ei større fagleg breidde, firmaet får eit større delelager og ein kan ta på seg større oppdrag, sa Hans Oscar Molvær.

Sjølv om Alme senior ynskjer å trappe ned, blir han nok aktivt med, om ikkje så mykje som før.
-Som pensjonist er det vel naturleg å trappe litt ned. Men eg vil alltid sjå det som viktig å betjene kundar slik at dei får hjelp når dei treng det, sa Per Ottar Alme.

Svenn Roger Alme får fortsatt fast arbeidsstad på Hellesylt. Her saman med ein av dei nye servicebilane.

Svenn Roger Alme får fortsatt fast arbeidsstad på Hellesylt. Her saman med ein av dei nye servicebilane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380