Bakover til kai

Utan problem la MCS Poesia til kai baklengst.

Utan problem la MCS Poesia til kai baklengst.

Torsdag kom MSC Poesia baklengs til kai på Hellesylt for å ta om bord cruiseturistar som hadde teke turen «over land».
Fredrik Stadheim – 07.08.2014 20:05:40
Mannskap på cruiseskipet MSC Poesia viste dyktigheit og godt sjømannskap då cruiseskipet la til kai på Hellesylt torsdag. I staden for å gå med baugen fyrst slik det er vanleg la det 293 meter lange skipet til den motsatte vegen.
Utan problem seig det sakte på plass ein liten meter frå kaikanten. Deretter drog skipet seg til kai ved hjelp av trossene.

Årsaka til bakovermanøveren skulle vere at skipet hadde teknisk problem med landgangen på høgre side.

Berre eitt skip har før lagt til ved cruisekaia på Hellesylt med bakenden fyrst. Den båten hadde berre ein landgang, på venstre side.

doc_4252_13

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380