Lokalnytt

Eit toppår med grasavling

Leif Arne Fivelstad er i ferd med å avslutte slåtten på Fivelstad. Avlinga blir ei av dei beste i manns minne.

-Det er artig når ein får det til å vekse, seier Leif Arne Fivelstad, den neste mjølkebonden på Fivelstad i Nibbedalen.
Og vekse har graset gjort dette året, det er store haugar med forbalgar på fleire stader rundt det nye lausdriftsfjøset. Aldri før har det vore hausta inn så mykje på garden, det blir eit kronår, meiner han.

Etter dei magra kjem dei gode år. I fjor var det nesten så ein kunne bruke ordet katastrofe om grasavlinga i Nibbedalen.
Rundt 80 prosent av alt slåtteareal var overvintringsskada og gav ei sterkt redusert avkasting. 550 balgar vart totalresultatet,
i år har Leif Arne 1200 på lager til no. Enno står det att 170 dekar hågras som skal haustast så her er det snakk om fleire hundre prosent i avlingsauke.

Leif Arne Fivelstad har i år hausta ei av dei beste avlingane på garden i manns minne, trur han.
Leif Arne Fivelstad har i år hausta ei av dei beste avlingane på garden i manns minne, trur han.

Som over alt i norsk jordbruk blir graset på Fivelstad hausta i balgar og pakka i plast. Ein rask og effektiv måte å berge foret på, men som også har sine bakdeler. Spesielt om vinteren i kulde kan det vere trasig å hente balgar som ligg ute og er stivfrosne.
Leif Arne Fivelstad er ikkje framand for tanken på å bygge seg silo og lagre foret på måten som var vanleg før rundbalgepressa kom.

Inn til vidare køyrer han skiveslåmaskin og pakkemaskina.
Det blir ikkje forkrise i Nibbedalen i år, seier han, sjølv om buskapen i det nye lausdriftsfjøset tel heile 150 storfe, av det 50 mjølkekyr.

Med moderande utstyr går slåtten raskt unna. Her er det raigras som blir hausta..
Med moderande utstyr går slåtten raskt unna. Her er det raigras som blir hausta..
Det blir ikkje formangel i år sjølv om buskapen i nyefjøsen i bakgrunnen tel 150 storfe.
Det blir ikkje formangel i år sjølv om buskapen i nyefjøsen i bakgrunnen tel 150 storfe.
Det moderande lausdriftsfjøset med mjølkerobot og automatisk foring ruvar i landskapet i Nibbedalen.
Det moderande lausdriftsfjøset med mjølkerobot og automatisk foring ruvar i landskapet i Nibbedalen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380