Godt sommarsal ved Ole Ringdal AS

Ikkje berre sommartemperaturane, men også salet av grillmat har varma leiinga ved Ole Ringdal AS på Hellesylt. Heile 40 % oppgang frå i fjor viser tala.

Kristi Ringdal og Ole Arnstein Ringdal med fleire av dei populære grillprodukta til bedrifta.

Kristi Ringdal og Ole Arnstein Ringdal med fleire av dei populære grillprodukta til bedrifta.

Ole Ringdal AS har femti ulike sommargrillprodukt. Fleire er nye av året og har vore med på å høgde salstala til gledeleg godt resultat. Spesielt har indrefilet marinert i ulike variantar slått an, fortel dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.

Men også sommarkotelettar, marinert spareribs og sjølvsagt barnas favoritt, kjempe grillpølse som vann gull under NM i 2012 har vore solide favorittar hos kundane.

Ringdal er usikker på om det er vanlege eller marinerte produkt som har gått best, men han trur det er ganske jamt fordelt.

-Mange likar å lage sin eigen marinade og pensle produkta sjølve før grilling. Det er alltid smak og behag som avgjer, seier han.

No er den mest hektiske grillsesongen på hell, men Ole Ringdal AS produserer fortsatt grillvarer sjølv om lagera ikkje er så store som før. Dagleg leiar er veldig godt fornøgd med sommarsalet i år.

-Stort sett har vi greidd å dekke etterspørselen, men vi kunne ha tenkt oss meir råstoff. Vi produserer berre av kortreist og kunn norske råvarer, så mangelen vil bli spesielt tydeleg når haustslaktinga startar. Då blir det nok alt for lite av norsk sau og lam, som tidlegare år, trur Ole Arnstein Ringdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380