Gudsteneste på Flofjellet
Om lag tretti personar var samla til friluftsgudsteneste på kyrkjeplassen på Flofjellet søndag. Frå Sunnylven møtte berre fire.

Fredrik Stadheim – 17.08.2014 16:15:37
På Flofjellet var det godt ver, god temperatur og med solgløtt inn i mellom. Under Flofjellstemnet blir preika halden på omgang mellom kykjelege tilsette frå Stryn og Sunnylven, og i år var det kateket i Hornindal og Stryn, Beate Nes som hadde liturgi og heldt preika.
Marie-Johanne Folven hjelpte med skriftlesing og under salmesongen.
Beate Nes kjem opphaveleg frå Grimstad, men har jobba i Herøy på Sunnmøre dei siste åra før ho tok til i Hornindal og Stryn for eitt år sidan.
Flofjellstemnet har blitt ein årviss tradisjon mellom kyrkjelydane i Oppstryn og Sunnylven dei siste 30 – 35 åra. Mest alltid har folk frå Sunnylven vore godt representert under samlingane på Kyrkjeplassen oppe på Flofjellet.
I år var nordfjordingane i klart fleirtal. Vi talde berre fire frå Sunnylven søndag, eit skuffande frammøte som bør forbetrast til neste år.


