Gudsteneste på Ljøbrekka.

Søndag var det felles friluftsgudsteneste på Ljøbrekka for kyrkjelydane på Stranda og i Sunnylven.

Vermeldingane var usikre for søndag. Det vart annonsert med gudsteneste på Ljøbrekka med alternativ ved utkiksplassen på Ljøen i tilfelle regn.
Dagen kom med opphaldsver og solgløtt så dermed samling på Ljøbrekka.
Der fekk omlag 30 frammøtte høyre liturg Jon Andre Søvde og sokneprest i Sunnylven Stein Bernhard Karstensen som heldt preika.

Gudstenesta på Ljøbrekka var den femte friluftsgudstenesta i Sunnylven i år.
Tidlegare har kyrkjegåarar samla seg, også med dåp på Massing- Andersplassen i Åsen, på Høgreiten under Sommardagar på Hellesylt, i Sunnylvs-Moldskreddalen og på Flofjellet.

Sokneprest Stein Karstensen til høgre og liturg Jon Andre Søvde.

Sokneprest Stein Karstensen til høgre og liturg Jon Andre Søvde.

Mange tok turen på Ljøbrekka i fint søndagsver.

Mange tok turen på Ljøbrekka i fint søndagsver.

Mange tok turen på Ljøbrekka i fint søndagsver.

Mange tok turen på Ljøbrekka i fint søndagsver.

Fredrik Stadheim  –  24.08.2014 21:22:37

Foto: Lars Fivelstad,

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380