Lokalnytt

Inviterer 62° NORD til drøftingsmøte

Stranda kommune inviterer no 62 NORD til møte og drøfting om Meieritomta og Grand Hotel på Hellesylt.
Stranda kommune inviterer no 62 NORD til møte og drøfting om Meieritomta og Grand Hotel på Hellesylt.

I skriv til reiselivsselskapet 62° NORD inviterer Stranda kommune selskapet til samtalar om eigedomane Grand Hotel og Meieritomta på Hellesylt.

Fredrik Stadheim – 01.08.2014 15:58:47
Næringssjef Inge Bjørdal har tidlegare gjennom e-post stilt spørsmål til 62° NORD om framtidige planar for drift og vedlikehald av dei to eigedomane på Hellesylt.
Han etterlyser no svar på henvendelsane og inviterer på vegne av Stranda kommune til eit sammøte.
Bjørdal skriv at som næringssjef har han fått mange førespurnader frå folk om kva som skjer med bygningane og aktivitet som kan skape nye arbeidsplassar.
Her er sjølvsagt interessene til innbyggjarane og kommunen samanfallande, skriv næringssjefen og held fram;
-Stranda kommune ved rådmann, ordførar, kommunalsjef plan –og utvikling og underteikna kunne tenkje seg eit møte der vi drøfta mulegheitene meir konkret og der de også er budd på å kunne seie litt om kva tankar de sjølve har om eigedomsutvikling knytt til hotell og meieritomta på kort og mellomlang sikt-.

Invitasjonen er sendt til 62° NORD 29. juli 2014.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380