Ny Quiz fredag

Mange deltok på sommar-Quiz. Det må inspirere til gjentaking.

Mange deltok på sommar-Quiz. Det må inspirere til gjentaking.

Peer Gynt Galleriet gjentek suksessen frå sommar-Quiz i juli og arrangerer ny uhøgtidleg kunnskapstevling komande fredag.
Fredrik Stadheim – 06.08.2014 16:47:31
Som i juli er det Quiz frå klokka 21.00 fredag kveld. Det blir både lokal og internasjonal vri på spørsmåla, lovar dagleg leiar Jon Pele Sundgot. Han håper mange blir med og testar kunnskapen på uhøgtidleg måte.

Alle som vil delta bør melder frå på førehand. Kvart lag kan bestå av inntil seks personar og det kostar 50.- kroner pr. person å delta.

Som sist blir det tre rundar med spørsmål. Halvparten av inngangspengane går tilbake som premie til vinnarlaget, men også laget med det beste, treffande namnet får ein liten premie.

Meld deg på til sommar-Quis på Peer Gynt Galleriet fredag kveld. Kom i god tid og kjøp middag i restauranten før Quiz-konkurransen startar, oppmodar Jon Pele Sundgot.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380