Langøylia Hytteforeining søkte tidlegare i år om ny, sikker avkøyrsle frå FV 60 til hyttefeltet i Langøylia i Sunnylven. Statens Vegvesen ser positivt på flytting av avkøyrsla.

Fredrik Stadheim – 15.08.2014 14:19:03
Kommunalsjef plan- og utvikling i Stranda kommune, Steinar Belsby sende i juli brev til Statens Vegvesen for uttale.
-Dagens avkøyrsle ligg trafikkfårleg til i ein sving og med svært lite fri sikt og stigning på vegen mot vest. Vegen til Langøylia er i dag kommunal og Stranda kommune ynskjer å legge forholda til hyttefeltet for av og påkøyring til FV 60 betre og sikrare, skreiv Belsby.
Han ba om uttale frå Statens Vegvesen på forslag om å opparbeide ny avkøyrsla i same område som avkøyrsla til skytebana i Hyttehola.
Statens Vegvesen har sendt sin uttale til Stranda kommune. Dei ser positivt på at eksisterande avkøyrsle vert stengt og ny etablert som skissert frå kommunen.
En kommentar til “Planlegg ny avkøyrsle til Langøylia”
Kommentarfeltet er stengt