Populær temperaturmålar

Liv Jorunn Sporstøl med den populære temperaturmålaren.

Liv Jorunn Sporstøl med den populære temperaturmålaren.

Gradestokk Hellesylt har blitt ei populær gåve. Der har også kvar femte temperaturgrad fått sitt dialektnamn.
Fredrik Stadheim – 11.08.2014 13:36:39
Liv Jorunn Sporstøl ved Joker, Hellesylt har selt 60 målarar av Gradestokk Hellesylt. Nederst er den dekorert med ei teikning av Hellesylt bro.

Ylmon

I sommar har alle med gradestokken kunne meldt om temperaturar som Trykkjande, Fole fjølgt og kanskje så pass som Steikheitt. Då har den vist pluss 40 grader.
Mange gonger har det også blitt rapportert om Ylmon, pluss 25 grader, eitt ord fleire har undra seg på tydinga av. Liv Jorunn Sporstøl har blitt seg fortalt at det betyr rett og slett Heitt.
I Ivar Aasen si ordbok er ordet Ylmon forklara slik; «Solrøyk, synlege dunster som stig opp frå jorden».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380