Lokalnytt

Quiz-siger til Kortslutning

Einstøingane klarte ikkje å forsvare sigeren frå fyrste sommar-Quiz på Peer Gynt Galleriet. Fredag kveld viste Kortslutning solide musikkunnskapar og sigra suverent.

Vinnarlaget, frå venstre: Oddbjørg Stadheim, Kristin Storstein, Svein-Erik Frøysa, Trine Tryggestad Forbord, Hilde Malene Røyrhus og Gunnar S. Fivelstad. Bak står Quiz-ansvarleg Jon Pele Sundgot.
Vinnarlaget, frå venstre: Oddbjørg Stadheim, Kristin Storstein, Svein-Erik Frøysa, Trine Tryggestad Forbord, Hilde Malene Røyrhus og Gunnar S. Fivelstad. Bak står Quiz-ansvarleg Jon Pele Sundgot.

Fredrik Stadheim – 09.08.2014 21:17:51
Fredag kveld var det ny runde sommar-Quiz på Peer Gynt Galleriet. Denne gongen var oppslutninga enno større enn fyrste gong med heile 62 deltakarar på 12 lag.

Einstøingane, vinnarlaget frå juli hadde store utskiftingar på mannskapet og nådde ikkje opp denne gongen.
Eit nytt lag, SEKS(T)I var derimot i slag og tok klar leiing etter dei fyrste ti spørsmåla. Leiinga heldt seg også etter neste runde med ti spørsmål.

Siste runde hadde tjue musikkspørsmål og mulegheit til 40 poeng. I denne runden sleit alle lag, unnateke Kortslutning og Norsk Tipping.
Tydeleg vis masse musikkunnskap i mannskapa, noko som gav klar siger til Kortslutning og Norsk Tipping kom på delt andre plass med SEKS(T)I. Sistnemnde lag vann premien for beste lagnamn.

Kvar deltakar betaler kr. 50.- for å delta og halve deltakarsummen går tilbake som premie til vinnarlaget.
Kortslutning vann 1550.- kroner for sigeren som dei donerte vidare til Sunnylven Bibliotek.
Det blir ny sommar-Quiz om to veker, fredag 22. august.

Det blir ny Quiz på Peer Gynt Galleriet fredag 22. august.
Det blir ny Quiz på Peer Gynt Galleriet fredag 22. august.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380