Stordal sigra på Hellesylt stadion.

Eit frispark halvvegs i fyrste omgang resulterte i 1-0 og siger til Stordal i lokaloppgjøret mot Sunnylven/Stranda 2. Men sjølv om det vart tap var kampen positiv for heimelaget.

Etter 17 baklengsmål for Sunnylven/Stranda 2 på dei tre fyrste haustkampane var det ingen som forventa poeng mot Stordal,  topplaget i 5. divisjon på Hellesylt stadion tysdag kveld. Det vart 1-0 til gjestane frå Stordal, men laget måtte kjempe meir enn forventa for sigeren.

Eit frispark frå omlag 20 meter berga poenga for Stordal denne gongen, ei retteleg «kule», velplasset markkrypar ute ved stolpen frå Sindre Holtleite.
Det kunne ikkje Sunnylven/Stranda 2 sin bestemann, burvaktar Joakim Fivelstad avverge.

Gjestane hadde det meste av spelet og kunne hatt fleire skåringar. Mellom anna small det i tverrliggaren tre gonger, men ballen fauk over.
Sunnylven/Stranda 2 hadde også sine sjansar til mål både ved Jørgen Helset og Ole Arnstein Ringdal, men måtte gå mållause i garderoba for fjerde gong denne hausten.

doc_4299_2
Sunnylven/Stranda 2 spela sin beste kamp på lenge tysdag. Laget var godt organisert i forsvar og innsatsen var stor etter kvart som spelarane såg moglegheiter for poeng. Med litt betre presisjon i pasningsspelet i dei komande kampane kan det fort bli resultat å juble for ut over hausten.
Ein oppløftande kamp mot topplaget i 5. divisjon, tykte hjelpetrenar Leif Rune Tryggestad. Han håper fleire vil møte på treningar framover og bidra til ein sterk avslutning på sesongen for laget.

Laget slit med mannskapsmangel. Til dagens kamp mot Stordal var Tor Odd Kjellstadli på nytt kalla inn for å gjere teneste for laget. Han spela også borte mot Vigra tidlegare i august. Veteranen som runda 50 i mars er fortsatt rask og god i forsvaret.

Hellesylt stadion 26. august
5. divisjon herrer.
Sunnylven/Stranda 2 – Stordal 0-1 (0-1)

Sunnylven/Stranda 2 sitt lag: Joakim Fivelstad, Kamik, Tor Odd Kjellstadli, Leif Rune Tryggestad, Erlend Teigen, Markus Forbord, Gunnar Espelund, Ole Arnstein Ringdal, Sander Raknes, Even Korsadal, Jørgen Helset.

Innbyttarar: Jens Løken, Odin Dyrkorn

doc_4299_13

doc_4299_14

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380