Stranda kommune møter 62 NORD

Grand Hotel og Meieritomta på Hellesylt blir tema i foreståande sammøte mellom Stranda kommune og 62 NORD.

Grand Hotel er ein av eigedomane til 62 NORD som Stranda Kommune ynskjer å diskutere framtida for med selskapet.

Grand Hotel er ein av eigedomane til 62 NORD som Stranda Kommune ynskjer å diskutere framtida for med selskapet.

Fredrik Stadheim  –  11.08.2014 20:17:49
Stranda kommune sende tidlegare i sommar brev til 62 NORD der dei inviterte til dialog-møte om utvikling og bruk av selskapet sine to eigedomar på Hellesylt, Grand Hotel og det tidlegare meieriet.

Selskapet ved dagleg leiar Marius L. Petersen har svara på henvendelsen frå kommunen og sagt seg interessert i eit drøftingsmøte.

Dato for møtet er ikkje bestemt enno, opplyser næringssjef i Stranda kommune, Inge Bjørdal. Han er glad for og ser positivt på den raske tilbakemeldinga frå 62 NORD.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380