Tredje runde sommarquiz.

Fredag 22. august er det ny quiz-kveld på Peer Gynt Galleriet, Hellesylt.

Som i dei to fyrste rundane sommarquiz blir det fyrst to rundar med lett blanding spørsmål når det heile startar fredag kveld kl. 21.00.
Tredje runde spørsmål vil bestå av femten musikkspørsmål frå dei siste fem tiåra, skriv arrangøren på si nettside.

Deltaking kostar 50.- kroner pr. person og halvparten av inngangspengane går tilbake til vinnarlaget i premie. Også beste lagnamn blir premiert.
Det kan delta inntil seks personar på kvart lag.

For to veker sidan gjekk «Kortslutning» sigrande ut av sommarquizen på Peer Gynt Galleriet. Då deltok 12 lag med til saman 62 personar.
Hugs å få reservert bord, er oppmodinga frå arrangøren. Det kan bli stor deltaking også fredag 22. august.

Frå sommarquiz andre runde på Peer Gynt Galleriet.

Frå sommarquiz andre runde på Peer Gynt Galleriet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380