Trygve Aaland Tryggestad vann NM-gull

NM-vinnar Trygve Aaland Tryggestad med gull og blomar i Sandnes. Marie Vangen til høgre. (Foto: Privat)

NM-vinnar Trygve Aaland Tryggestad med gull og blomar i Sandnes. Marie Vangen til høgre. (Foto: Privat)

Trygve Aaland Tryggestad gjekk til topps i NM skogsløp. Han vann gullmedalja føre Espen By Dyrendal.

Fredrik Stadheim  –  07.08.2014 22:46:59
Trygve Aaland Tryggestad deltok i klasse eldre junior. Resultatet frå grovfelten tidligare i veka utgjorde skytedelen i konkurransen. Her hadde Trygve 25 treff, tre mindre enn fyrst startande som hadde 28 treff.

Løpsdelen var 2 x 3 km i terrenget i ei krevjande løype. Kvar bom frå skytinga gav eitt minutt i tillegg, slik at han starta tre minutt bak leiaren.
Det skulle vise seg at NM-tittelen ikkje var umogeleg for ein Trygve i kanonslag. Sunnylvingen Trygve Aaland Tryggestad presterte over evne og kapra gullet. Etter fyrste runden hadde han henta inn 2 min på leiaren, og midtveis i siste runden var han i tet. I mål var han 51. sek. før nr 2. som var Espen By Dyrendal fra Rissa skytterlag.

Også Marie Vangen, Stranda gjorde det skarpt. Jenter eldre rekrutt sprang to rundar på til saman ca. 3. km. Ho hadde eit godt utgangspunkt då ho hadde 30 treff på finfelten og difor starta fyrst i klassa. Etter eit godt løp vart det sølvmedalje berre fire sek. vak vinnaren Veronica Doset fra Lesja skytterlag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380