«Under Kopen» leia frå start av og vann suverent den tredje Quiz-konkurransen på Peer Gynt Galleriet

Vinnarlaget, frå høgre Svein Erik Frøysa, Gunnar Fivelstad, Lars Fivelstad, Lisbeth Lervik, Oddbjørg Stadheim. Quiz-siger til «Under Kopen»

Vinnarlaget, frå høgre Svein Erik Frøysa, Gunnar Fivelstad, Lars Fivelstad, Lisbeth Lervik, Oddbjørg Stadheim.
Quiz-siger til «Under Kopen»

Ni lag og 44 personar deltok på Quiz-tevlinga fredag kveld. For to veker sidan vann «Kortslutning» med god margin. Sigeren var nesten like klar denne gong for «Under Kopen» som hadde med fleire frå vinnarlaget sist gong.

På vinnarlaget deltok Svein Erik Frøysa, Oddbjørg Stadheim, Lisbeth Lervik, Lars O. Fivelstad og Gunnar Fivelstad. Premien vart 1.100.- kroner, som laget donerte vidare til «Gamleskulens Aktivitetsmuseum på Hellesylt.

«Under Kopen» fekk 46.5 poeng, fire meir enn «Tre Leite og tre teite» som sikra sølvplassen. Dette laget vann prisen for beste lagnamn, ei flaske sprudledrikk på deling.

Sølvlaget besto av Helge Tryggestad, Knut Arne Leite, Vidar Even Leite, Per Kjell Leite, Kristin Storstein og Bård Helge Forbord.

Om to veker er det ny Quiz på Peer Gynt Galleriet.

"Tre Leite og tre teite", frå venstre Helge Tryggestad, Knut Arne Leite, Vidar Even Leite, Per Kjell Leite, Kristin Storstein, Bård Helge Forbord.

«Tre Leite og tre teite», frå venstre Helge Tryggestad, Knut Arne Leite, Vidar Even Leite, Per Kjell Leite, Kristin Storstein, Bård Helge Forbord.

Jaaa...rett!!!

Jaaa…rett!!!

Masse folk og god stemning på Quiz.

Masse folk og god stemning på Quiz.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380