Lokalnytt

Vedlikehald i gong på Postveien

Ljøbrekkas Venner er ein nystarta ideell organisasjon med over 100 medlemmer. Formålet til organisasjonen er opprusting og vedlikehald av Den Trondhjemske Postvei over Brekka mellom Ljøen og Herdalen.

Turvegen over Ljøbrekka/Herdalsbrekka kan på fine dagar vere ei stor oppleving med panoramautsikt over fjordar, fjell og dalar. Fleire hundre går den to timar lange turen over der kvart år.

Betydelege skadar

Men med åra har Den Trondhjemske Postvei over Brekka fått betydelege skadar av tøffe verforhold. Det er sår både i sjølve vegen og murar sig ut etter flaumvatn og frostsprenging.
Difor er arbeidet som Ljøbrekkas Venner har sett i gong svært viktig med tanke på å bevare ein god turveg, men kostbart.

På Herdalsida slyngar Den Trondhjemske Postvei seg i 21 svingar.
På Herdalsida slyngar Den Trondhjemske Postvei seg i 21 svingar.

Organisasjonen ynskjer seg fleire medlemmer og økonomisk støtte frå fleire. Eit medlemskap i organisasjonen kostar 150.- kroner for året, skriv leiar Petter Hjørungdal på facebook, og held fram;

Startar på Herdalen

-Vi har planar om å grave nye veggrøfter og ordne stikkrennene frå parkeringsplassen i Herdalen til foten av Brekka i haust. I tillegg ynskjer vi å flyge opp utstyr og gjere det same på toppen av fjellet mellom Brekkene.
Skal vi få til dette, treng vi meir pengar, så kvar krone inn hjelper på. Det hadde vore flott om vi fekk gjennomført alt dette i haust.

Ljøsida i 2015

Difor, viss du vil støtte arbeidet, betal 150 kr, og oppmod gjerne andre til å gjere det same. Vegen treng opprusting, og det vi får gjort i haust, slepp vi å ta att neste år.
Neste år har vi planar om å ordne Ljøsida, og året etter brekka på Herdalssida. Her vil vi og ha behov for sherpaer, og Brekkene vil bli kostbare å reparere.
Vi veit ikkje om vi klarer å halde ein så ambisiøs tidsplan, men det gjeld å vere sterk i trua.
Som de ser, planane er der, og alle kan vere med på å realisere desse-

Støtte til arbeidet med å bevare eit viktig kulturminne kan betalast inn i Sparebanken Møre..

Utbetringar er alt i gong.
Utbetringar er alt i gong.
Utsyn frå toppen av Brekka.
Utsyn frå toppen av Brekka.
Rodestein ved Nykkjevatnet.
Rodestein ved Nykkjevatnet.
Ljøsætra
Ljøsætra

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380