Vurderer utbetringar langs Flofjellvegen

Grindar som blir ståande opne etter Flofjellvegen er eit problem for dyreeigarane. No blir det planlagt å få på plass sjølvlukkande grindar. (Arkivfoto)

Grindar som blir ståande opne etter Flofjellvegen er eit problem for dyreeigarane. No blir det planlagt å få på plass sjølvlukkande grindar. (Arkivfoto)

Vegen frå Vollset til Flo i Stryn over Flofjellet er ein mykje nytta turveg. Tidlegare i år gav DN tilsagn om pengar til diverse utbetringar langs vegen.
Fredrik Stadheim – 11.08.2014 10:06:03
Etter søknad har Direktoratet for naturforvaltning gjeve tilsagn på inntil kr. 420.548.- til Flofjellvegen. Tilskotet er tenkt å dekke omkostningar og diverse utbetringar av tiltak for ålmenta langs den populære turvegen.
I fyrste omgang gjeld det opparbeiding av større parkeringsareal ved Vollset, informasjonsskilt, oppgrusing av deler av vegen, toalett, sikringstiltak og sjølvlukkande grindar, fortel næringssjef i Stranda Inge Bjørdal.

Bjørdal har på vegne av kommunen halde eit møte med grunneigarane om tiltaka og framdrift. Der kom det fram ulike oppfatningar om kva som bør gjerast slik at alle får både nytte og glede av tiltaka.

Om og når arbeida kan kome i gong er usikkert, seier næringssjefen som håper ein finn fram til løysingar slik at ein kan nytte tilskotet frå DN.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380