Åpen brannstasjon på Hellesylt
Laurdag 20. september er det åpen brannstasjon på Hellesylt for store og små.
Fredrik Stadheim – 18.09.2014 16:03:50
Laurdag startar den årlege brannvernveka landet rundt. Då kan alle som vil besøke ein brannstasjon og sjå korleis brannmannskap har det på jobb.
I Stranda kommune kan ein besøke brannstasjonen på Hellesylt mellom kl. 11.00 og 14.00, skriv Stranda kommune på si nettside.
Brannstasjonen på Hellesylt ligg i Ringdalsvegen, nær Sunnylven Barnehage.
Under brannvernveka blir det fortalt om brann og brannvern. I tillegg blir det mykje spanande å oppleve med konkurransar, og ein kan få lov å sete i førarhuset på ein ekte brannbil.
I alt 31 brannstasjonar i Møre og Romsdal held ope og inviterer store og små til eit besøk laurdag og i veka etter.