Damelaget vann
Damelaget Sunnylven/Stranda vann 2-1 over Træff2/Elnesvågen/Gossen i ein utsett 3. div. kamp på Hellesylt stadion søndag.
Fredrik Stadheim – 09.09.2014 10:36:12
Romsdalslaget måtte reise heim med tap frå Hellesylt stadion søndag. Sist laga møttes tapte Sunnylven/Stranda 0-4, men søndag tok laget alle poenga.
Det stod 1-1 ved pause etter skåring av Inga Elise Vik for heimelaget. Martine Lade sikra siger og alle poenga med ein fulltreffar i andre omgang.
Det var kjekt men ein siger etter masse innsats og vinnarvilje frå spelarane, tykte trenar Kay Ove Lade. Sjølv om det har blitt mange tap, har laget sjeldan blitt utspela, men uheldige med mykje skader og sjukdom.
Redninga i fleire kampar har blitt å låne spelarar frå Stranda sitt jentelag. Samarbeidet med jentetrenarane der har vore godt og det har vore gode spelarar vi har lånt, seier Lade.
Og sigeren søndag gjorde godt for sjølvtilliten til heile laget, trur han.
Etter ein poenglaus sesong så langt ser det ut som laget har spela seg i haustform. Framleis ligg dei sist på tabellen, men no står fleire utsette kampar for tur.
Fyrste kamp er mot Brattvåg på Stranda stadion 10. september, mot Molde på Stranda stadion laurdag 13. september, mot Molde i rosenes by 20. september, og mot Brattvåg borte 24. september.
Med innsats og vinnarvilje som mot Træff2/Elnesvågen/Gossen kan det bli klatring på tabellen.