Engasjerte i rulleskileik

  • doc_4356_2
    Nokre av deltakarane under rulleskileiken. Til høgre (gul vest) Gisle Aaland saman med Hans Hole, begge frå skigruppa i Sunnylven IL.
  • doc_4356_13
  • doc_4356_14
  • doc_4356_15

 

I alt 14 jenter og gutar frå Sunnylven IL deltok på rulleskileik tysdag kveld. Engasjert instruktør var Geir Tony Tomren.

Fredrik Stadheim – 23.09.2014 20:38:19
Geir Tony Tomren frå Tomrefjord IL er styremedlem i langrennskomiteen i Møre og Romsdal skikrets. Tysdag kom han til Hellesylt med 20 par rulleski for å instruere og engasjere komande langrennsløparar.
Det vart ei aktiv stund med fart og moro på parkeringsområdet ved Peer Gynt Galleriet.

Deltakarane i alder frå 8 – 13 år skøyta rundt både enkelvis og samansett som lag og plukka opp tenninsballar og andre ting i fart.
Det såg ut som god balansetrening.

Etter skøyteøkta var det samling på klubbhuset for ungdom 14 år og oppover, foreldre og trenarar. Her gjekk Geir Tony Tomren gjennom fleire aktuelle ting, sikkerheit og trening på rulleski, Utviklingstrappa til Skiforbundet og erfaringsutveksling mellom klubb og skikrets.

Dei litt eldre langrennsløparane til Sunnylven IL deltok ikkje under rulleskileiken tysdag. Tre hadde eigentrening på rulleski, to var på samling på Ullsheim og junior –og seniorløparane var ikkje i heimbygda.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380