Fin fotoutstilling

Blikk på haustteikn, presentert på bilete av førskuleborna i Sunnylven Barnehage.

Blikk på haustteikn, presentert på bilete av førskuleborna i Sunnylven Barnehage.

Stranda fotoklubb si utstilling i galleri Kalvehagen er verd eit besøk. Mellom mange flotte bilete var også fine haustmotiv frå tre barnehagar i kommunen.

Fredrik Stadheim – 21.09.2014 17:20:06
Sunnylven Barnehage var representert med ni bilete på utstillinga i Storfjord kulturhus. Som bileta frå Ringstad Barnehage og Helstad Barnehage var motiva inspirert av hausttegn.

I Sunnylven Barnehage er ni førskuleborn som alle hadde fått med eit bilete kvar på utstillinga. Motiva var av fleire sortar fruk som ein finn om hausten, og av store og små vekstar og blomster i naturen.
Bileta blir også å sjå i samband med gudsteneste og hausttakkefest i Sunnylven kyrkje søndag 28. september.

I fotomontasjen frå Ringstad Barnehage fann vi også blomster, og mange nærbilde av blad frå fleire treslag.

Helstad Barnehage hadde flest bilete og med motiv frå turar, bedriftsbesøk og gardsbesøk.

I Stranda Fotoklubb si utstilling var totalt 61 bilete. Den opna fredag 19. september og blir å sjå heile veke 39 fram til og med søndag 28. september.

doc_4354_13

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380