Lokalnytt

God start på hjortejakta

doc_4316_2

Kvar morgon og kveld stubbar store og små hjortedyr for jægerar med velretta treff. Årets hjortejakt har starta godt.

Fredrik Stadheim  –  04.09.2014 09:24:51

I heile Stranda kommune er det tildelt 563 fellingsløyver. På dei tre fyrste dagane av hjortejakta som starta 1. september var det innrapportert 73 felte dyr, ein fellingsprosent på 13.

Ein god start på hjortejakta, tykte leiar i Stranda Viltnemnd, Hans Hole. Han fortel om varierande storleik på dyra som er skotne, frå såkalla skrapdyr til ti-taggar kronhjortar.
Hole er ute på enkelte kontrollar for å sjå at det som blir innrapportert stemmer.

I Sunnylven vart det skote 47 dyr dei tre fyrste dagane av årets jakt. Bygdelaget er inndelt i tre hjortevald, Øvre Sunnylvsbygda, Nedre Sunnylvsbygda og Langedalen hjortevald.

Avskytinga innafor dei ulike jaktområder i valda fordelte seg slik dei tre fyrste dagane:
Nibbedalen 6, Tronstad 7, Røyrhus 6, Kjellstad 6, Tryggestad 2, Bjørdal, 11, Vollset 3, Frøysa 3, Hauge 3.

Det er felt to skrapdyr i Sunnylven. Dette er dyr med lav slaktevekt og som ikkje reduserer jaktvalda sine fellingsløyve, seier Hole.
Her er vekter for det som blir rekna som skrapdyr. Kalvar 20. kg., 1.5 år gamle dyr 43. kg. eldre dyr 53.kg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380