Godt besøkt brannstasjon

Hellesylt brannstasjon.

Hellesylt brannstasjon.

I samband med den årlege brannvernveka var Hellesylt brannstasjon open for publikum og innsyn laurdag.

Fredrik Stadheim – 20.09.2014 18:46:35
Det var stor trafikk til og frå brannstasjonen i Ringdalsåsane på Hellesylt laurdag. Både store og små kom for å sjå på utstyret som brannmennene rår over og er drilla til å bruke i tilfelle det skulle oppstå brann.

Besøket var nesten betre enn forventa så brannvern er tydeleg vis mange opptekne av. Det kom folk frå Hornindal, Volda, Langevåg, Stranda og sjølvsagt mange frå Sunnylven.
Laurdag var ein av dei gode og litt stolte dagane for brannmenn som kunne vise fram topp moderande brannutstyr.

Topp utrusta

-Vi synest det er fint å få vise fram utstyret og fortelje om oppgåvene våre. No har vi topp moderande utstyr over alt og Stranda kommune ligg ikkje etter andre når det gjeld materiell, forsikrar lokal brannkonstabel Per Svein Hole.
Saman med fire av sine kollegaer på Hellesylt og befalsvakt Tore Vassbotn frå Stranda viste dei fram brannstasjonen som stod ferdig i 2011, og der det er to bilar fullt utrusta, tre hengarar og ei stor tunnelvifte som det største av utstyr.

Spesielt imponerande var den store, raude brannbilen med 17000 liter vasstank og ei sprøyte som brannkonstablane gav topp karakter. Med ein motor på 530 hk. er dette ei doning som kjem seg fort fram og kan hindre ein brann å utvikle seg.

-Vi som huskar tilbake til 80-talet er imponert over brannvernutstyret som Stranda kommune har i dag. Vi er godt rusta, forsikra Per Amund Frøysa.

Brann må takast på alvor

-Folk må vise varsemd mot brann. Sjølv om forbodet mot å gjere opp eld i naturen er oppheva frå 15. september, må alle ta dette med brann og brannfåre på alvor, sa beredskapsvakt Tore Vassbotn.
Også han er godt nøgd med utstyret dei rår over. –Vi har både førstehjelpsskrin og hjartestartar.
Og nyleg var alle brannfolka på Hellesylt, i Geiranger og fleire på Stranda på opplæring og gjennomgjekk kurset «Mens vi ventar på ambulansen».

Open brannstasjon vart spesielt ein festdag for dei aller yngste. Dei fekk prøve seg som brannfolk med brannslange, sløkkje brann med skumapparat og sjølvsagt prøvesete begge dei store og blanke brannbilane.
Og ei lita gåve fekk dei med heim, nemleg ein raud brannhjelm til odel og eige.

Sander får prøve seg som brannmann med brannkonstabel Per Amund Frøysa som instruktør.

Sander får prøve seg som brannmann med brannkonstabel Per Amund Frøysa som instruktør.

Ingeborg sløkkjer brann med skum. Beredskapsvakt Tore Vassbotn til venstre og brannkonstabel Leif Egil Åsen føl med.

Ingeborg sløkkjer brann med skum. Beredskapsvakt Tore Vassbotn til venstre og brannkonstabel Leif Egil Åsen føl med.

Oleander fekk prøve seg som sjåfør på den store brannbilen.

Oleander fekk prøve seg som sjåfør på den store brannbilen.

Brannkonstabel Amund Lien ikledde seg fullt røykdykkarutstyr. Han vart litt skummel å sjå på.

Brannkonstabel Amund Lien ikledde seg fullt røykdykkarutstyr. Han vart litt skummel å sjå på.

Det flamma godt, men også Kristen fekk sløkt.

Det flamma godt, men også Kristen fekk sløkt.

Sjå også: Åpen brannstasjon på Hellesylt

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380