Inspirasjonssamling på Ullsheim
Mange unge løparar frå Nordfjord og Sunnylven deltok på inspirasjonssamling på Ullsheim i skiskyting sist helg. Mellom instruktørane var Bø-brørne.
Fredrik Stadheim – 09.09.2014 08:46:06
Foto: Magne Brekke
Fleire frå Sunnylven IL deltok på Bendit si inspirasjonssamling laurdag og søndag, Kasper Ringdal, Inger Ringdal Sæter, Markus Norangshol, Ottar Frøysa Hellebostad, Emilie Brekke, Inga Elise Vik og Trygve Aaland Tryggestad.
Under testløpet på samlinga gjorde Ottar Frøysa Hellebostad det godt. 15-åringen viste gryande storform med ein flott 4. plass i sterk konkurranse med løparar som knivar i Norgestoppen i denne årsklassa i skiskyting.
I tillegg til god fart i rulleskiløypa skaut Ottar «fullt hus» og sikra seg den såkalla «ugla». Eit trofe som berre dei mest treffsikre oppnår å få.
Under Bendit rulleskifestival var fleire av toppane i norsk skiskyting på plass som instruktørar, Tarjei Bø, Johannes Tingnes Bø, Johan Erik Meland og Jarle Midthjell Gjørven.