Lokalnytt

Internett nede

breiband

Under uveret natt til laurdag 27. september med vind, lyn og torever datt internettsambandet for store deler av Sunnylven ut.

Opplegget for internett til Sunnylven tåler ikkje uver. Under fyrste hauststormen i år ramla alt samband ut og to dagar seinare er det framleis ikkje retta.

Leverandør av internettenesta, breiband.no må stadig beklage og melde feil. Det er ikkje bra nok, ingen er tent med ein beklagelse.

Vi går heilt sikkert fleire uver i møte. Det fryktar fleire som har gjort seg avhengig av internett, bedrifter av alle slag, kraftstasjonar og privatpersonar.
Feilen blir nok retta også denne gongen, men kor lenge vil det vare?

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380