Lokalnytt

Klima- og miljøministeren til Geiranger

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft.
Klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Onsdag 10. september er miljøminister Tine Sundtoft på besøk i turistbygda Geiranger. Dagsbesøket har eit omfattande program i følgje nettsida til kommunen.

Fredrik Stadheim  –  09.09.2014 18:02:47
Ved Norsk Fjordsenter blir klima- og miljøminister Tine Sundtoft ønska velkomen til verdsarven Vestnorsk Fjordlandskap av leiar i Verdsarvrådet og ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad og nestleiar Hans Erik Ringkjøb.
Der startar eit program som skal vise Verdsarvbygda og tiltak som ein ønskjer å gjere for å bevare naturen så skånsomt som råd.

«Grøn fjord og sporlaus ferdsel»  er tema det blir jobba med, kva heilskaplege forvaltningsgrep som er mogleg. Rundt dette er fleire stikkord som direktør Katrin Blomvik kjem innom.’

Miljøministeren vil også få sjå seg om i Norsk Fjordsenter og i Geiranger, det blir lunsj på Westerås gard med fagprogram kring «Tiltaksplan for kulturlandskapet i Vestnorsk fjordlandskap» med innlegg av mellom andre næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal.

Etter lunsj blir det vandring til Storsæterfossen, ein av naturattraksjonane i Geiranger, før det blir el-scooter kortesje tilbake til Norsk Fjordsenter.
Der blir det overrekking av diplom og signering av Grøn fjord partnerskap til Norsk Fjordsenter og Villa Norangdal, to bedrifter i Stranda kommune som har oppnådd miljøfyrtårnsertifisering.

Etter ein lang dag blir det til slutt ferjetur for miljøminister Tine Sundtoft frå Geiranger til Hellesylt. Guide på turen blir ordførar Jan Ove Tryggestad og direktør Katrin Blomvik.
På Hellesylt blir det eit kort besøk innom Peer Gynt Galleriet dersom det blir tid, før miljøvernministeren og fylje reiser vidare til Hovden flyplass for retur til Oslo.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380