Lokalnytt

Ljøkaia blir restaurert

Ljøkaia har store, synlege skader på toppdekket.
Ljøkaia har store, synlege skader på toppdekket.

Restaurering av kaia ved Ljøen blir eit stort prosjekt i Verdsarvområdet neste år. Arbeidet blir lagt ut på anbud.
Fredrik Stadheim – 15.09.2014 14:27:51
Ljøkaia har fått synlege skadar av sjø og andre naturkrefter. Betongdekket på toppen har smuldra vekk og dykkar har påvist at stein i den oppmura delen i sjøen har glidd ut.

No tek Geirangerfjorden Verdsarv tak i restaureringsarbeidet etter at Fylkeskommunen har løyvd ein større pengesum til reparasjon av kaia.

Direktør Katrin Blomvik fortel at abeidet blir lyst ut på anbod med det fyrste. Ho kjenner ikkje alle detaljer i arbeidet, men det er eit stort og omfattande vedlikehald som må gjerast, seier ho.
Prosjektansvarleg blir Merethe Løvoll Rønneberg.

Det er viktig å få bevare Ljøkaia for framtida og det blir eit spanande prosjekt som vil få oppstart i mars månad neste år, seier Katrin Blomvik.

Naustet restaurert
Gjennom Geirangerfjord Verdsarv har også det gamle, oppmura naustet på Ljøkaia blitt sett i stand. Mykje av murane var rausa ned, men no har alt blitt retta opp igjen og det er lagt nytt tak.
Alt er ferdig frå Verdsarven si side. Det som står igjen er å få lagt torv på taket.
Det skal grunneigaren gjere som sin eigenandel i prosjektet, seier Katrin Blomvik.

Det gamle steinnaustet på Ljøkaia er sett i stand, Berre torv på taket manglar.
Det gamle steinnaustet på Ljøkaia er sett i stand, Berre torv på taket manglar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380