Lovprisa årets vekster
Sunnylven kyrkje var godt besøkt søndag. Gudstenesta i ei vakkert pynta kyrkje vart ei stemningsfull prising av alt det gode som naturen hadde gjeve nok eit år.
Då var det viktig å takke for alt vi hadde fått, både for det som hadde vakse i naturen og for andre ting. Om det var gåver, god mat eller vakker song var takk viktig og ville glede. Slik kunne vi alle spreie glede og gjere andre glade, sa sokneprest Stein Karstensen mellom anna.
Hausttakkefesten vart ei gla`stund i kyrkja. Den opna med prosesjon av born frå barnehagen og dei tre yngste klassene ved Sunnylven skule. I hendene bar dei med seg korger fulle av årets frukt og grønnsaker, eple, plomme, potet, kålrot og gulrot. I koren i kyrkja var det også pynta med andre gode vekster som drue, appelsin og vakre blomar. Alt fortalde om eit godt år for alt som hadde levd i nature og som no var blitt hausta.
Under gudstenesta medverka skuleelevar med framføring av bøner, og barnehageborn med song til gitarspel av sokneprest Karstensen.
Ungdomskoret Joyful, koret med namnet i gullskrift på gensaren og heile bygda sine gullstruper, tok også del under hausttakkefesten. Under leiing av Oddbjørg Stadheim framførte dei denne gongen stemningsfulle og som alltid vakkert to songar.
Mange born fekk ta del under hausttakkefesten i Sunnylven kyrkje. Mange vart engasjert når det skulle byggjast hytte i koren i kyrkja med tak av lauvfulle greiner frå rognetre. Hytta var som illustrasjon til ei forteljing.
Det var flott og ei hending som blir huska.