Mange samlingar i kyrkja

Det blir fleire gudstenester og samkome i Sunnylven kyrkje fram til nyttår. Sjå aktivitetskalendaren på hellesylt.no

Det blir fleire gudstenester og samkome i Sunnylven kyrkje fram til nyttår. Sjå aktivitetskalendaren på hellesylt.no

Programmet for kyrkjelege samlingar i Sunnylven ut over hausten er både tett og variert i innhald. Også nye salmebøker skal kjøpast inn.

Sunnylven sokneråd har vedteke å gå til innkjøp av nye salmebøker.
Den no 28 år gamle salmeboka er ofte utslitt og nye songar, arrangement for band, fleire musikksjangerar og andre tekstar er noko av det som fyller den nye Norsk salmebok 2013.
-Salmeboka vert av mange sett på som kyrkja sitt skatteskrin. Lat oss finne fram til gamle og nye skattar, slik at songen kan haldast oppe i kyrkjelyden vår, skriv Sunnylven sokneråd mellom anna og oppmodar alle om å vere med å betale for ei salmebok. Den kostar 334.- kroner.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380