Markerer eldredagen

Astrid Langeland er leiar i Sunnylven Pensjonistlag.

Astrid Langeland er leiar i Sunnylven Pensjonistlag.

Onsdag 1. oktober inviterer Sunnylven Pensjonistlag til festsamkome på Peer Gynt Galleriet i høve Eldredagen 2014.

Fredrik Stadheim – 22.09.2014 18:41:48

På Peer Gynt Galleriet blir det både underhaldning og servering. Spesielt kan alle frammøtte glede seg til omvising i Galleriet med Dennis Storhøi som formidlar av historia om Peer Gynt.
Ei fantastisk framsyning på 35 minutt skildra med Oddvin Parr sine trerelieff som bakgrunnskulisser.

Vidare vert det kaffi og litt å bite i medan unge song og musikkrefter frå Hellesylt og Sunnylven underheld.
Inghild Storstein deklamerer dikt av Ivar Ringdal, ei vandring mellom «lyng i steinur», 100.- kroner for heile arrangementet står det å lese i invitasjonen.

Om lag 35 personar hadde meldt seg på dagen før fristen gjekk ut, opplyser leiar i Pensjonistlaget Astrid Langeland.
Påmelding til Astrid, tlf. 906 75 234 , eller Lilli tlf. 915 87 227.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380