Lokalsport

MSIL vann mot Sunnylven/Stranda 2.

Sunnylven/Stranda 2 gjekk på eit nytt stortap i 5. divisjon tysdag, denne gongen mot Mauseidvåg/Solevåg IL.

Sluttresultatet vart 9-1 til MSIL etter 5-1 til heimelaget ved pause. Sunnylven/Stranda 2 tok leiinga på MSIL si kunstgressbane med 1-0 etter skåring av Even Korsadal, men etter det vart det berre MSIL.
Sunnylven/Stranda 2 stilte med 11 mann, utan innbyttarar. Laget fullførte siste del av andre omgang med ti mann grunna sjukdom hos ein spelar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380