Ny pers på halvmaraton

Hans Kristian Stadheim (210) under Oslo halvmaraton. (Foto: Privat)

Hans Kristian Stadheim (210) under Oslo halvmaraton. (Foto: Privat)

Hans Kristian Stadheim, kom på 62. plass totalt i Oslo halvmaraton, Kari-Anne Tryggestad Ryste vart nr. 145.

Fredrik Stadheim – 20.09.2014 16:44:33
Det vart ny bestetid for Hans Kristian Stadheim, Lyn ski/Sunnylven IL på halvmaraton laurdag. 1.18.18 er ei forbetring på 1.33 minutt frå i fjor.

-Eg hadde ein god dag, alt fungerte og det var kjempemoro å springe, seier Hans Kristian på telefon etter løpet.

Like nøgd var ikkje Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL, sjølv om 145. plass og 1.39.05 var flott mellom fleire tusen i damer halvmaraton.

-Eg er så missfornøgd! Det var like før eg måtte bryte etter 15. km. Eg hadde berre ikkje dagen, har kjent meg tung i kroppen heile veka, men slik er det av og til, seier ei litt skuffa Kari-Anne.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380