Nye leikeapparat i Barnehagen

Den store betongbilen har rygga heilt inn i barnehagen for å levere betong til fundamentet for ridderborga. Ei spanande hending.

Den store betongbilen har rygga heilt inn i barnehagen for å levere betong til fundamentet for ridderborga. Ei spanande hending.

I Sunnylven Barnehage kjem nye leikeapparat på plass. Fredag vart svegestativ og ei sklie støypte fast.

Ved Sunnylven Barnehage i Trollhola er to nye leikeapparat i ferd med å bli montert. Treverket i svegestativet var etter kvart merka av alder så fredag vart nytt støypt fast.
I tillegg er det kjøpt inn ei ny sklie, ei ridderborg.
Den er finansiert med gåvemiddlar Sparebanken Møre tildelte foreldreforeninga ved barnehagen under Sommardagar på Hellesylt i år.

Fredag vart riddarborga støypt fast til fundamentet.
Den store betongbil rygga heilt inn på plassen framfor barnehagen for å levere betongen, ei ny og spanande oppleving som vart bivåna av dei unge.
Ein ny populær tumleplass er snart klar for bruk.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380