Nytt tap for Sunnylven/Stranda 2

doc_4339_2

Det vart siger 3-1 til Ørskog i 5. div.-kampen på Hellesylt stadion tysdag. Gjestane leia 1-0 ved pause.

Fredrik Stadheim – 16.09.2014 21:03:30
Det skulle gå nesten heile fyrste omgang før det vart skåring i kampen mellom Sunnylven/Stranda 2 og Ørskog på Hellesylt stadion tysdag kveld.
Men skåring etter 36. minutt burde domar Kristian Standal, Rollon annulert då Jon Egil Solli flukta ballen til skotfoten med arma.

Same mann la på til 2-0 for gjestane eit kvarter ut i andre omgang.
Ti minutt seinare skapte heimelaget håp om poeng med redusering til 1-2 ved Bård Forbord.

Det vart med håpet for i det 77. minutt fastsette Aslak Benjaminsen sluttresultatet til 3-1 for Ørskog.
Og med rødt kort til Leif Rune Tryggestad på heimelaget etter urein takling som siste mann, ebba kampen ut med nok eit tap for Sunnylven/Stranda 2.

Laget er sist i 5. divisjon med tre poeng. Dobbelt så mange såg kampen på Hellesylt stadion tysdag kveld.

Sunnylven/Stranda 2 – Ørskog 1-3 (0-1)
Mål Sunnylven/Stranda 2: Bård Forbord (70)
Mål Ørskog: Jon Egil Solli (38. og 60) Aslak Benjaminsen (77)

Sunnylven/Stranda 2:
Joakim Fivelstad, Kamik, Leif Rune Tryggestad, Adam, Gunnar Espelund, Bård Forbord, Ole A. Ringdal, Alf Ole Sundgot, Markus Forbord, Oskar Røyr, Julio Niguero.
Innbyttarar: Pavel, Odin Dyrkorn, Sondre Langelo.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380