Risikerer fotballbot

Sunnylven/Stranda 2 makta ikkje å stille lag mot Hasundgot i kamp om poeng i 5. divisjon på bortebane tysdag.

salt-lake-74570_1280-1024x483


«Det er stadig mannskapsmangel til kampar. Sjølv med samarbeid med Stranda er det vanskeleg.»

Det er stadig mannskapsmangel til kampar. Sjølv med samarbeid med Stranda er det vanskeleg. Stranda har mange lag og kampar sjølve, spelarar er skada, og mange jobbar skift eller på butikk etter skuletid. Denne veka er også fleire skuleelevar på klassetur, fortel Leif Rune Tryggestad.

Gjestane Sunnylven/Stranda 2 mangla spelarar til bortekampen mot Hasundgot som dermed vart avlyst. Om det ikkje blir semje med motstandar om ny kampdato, taper Sunnylven/Stranda 2 kampen 3-0 og risikerer bot, seier fotballeiar Leif Rune Tryggestad. Sunnmøre Fotballkrets har sett frist til fredag kl. 12.00 å finne ny kampdato.

Han håper laget greier å fullføre sesongen i 5. divisjon. Etter kampen mot Hasundgot står fire kampar igjen, Vartdal og Vigra heime og Åmdal og Hovdebygda borte.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380